Telefon: 56 52 52 07

E-post: post@halldorhamre.no

TORGET

Prosjekt me jobbar med for tida

Me har den siste tida vore i full aktivitet ved Granvin skule og sett på nytt tak. I 2. etasje over foajeen har me laga til kontorlokale, og byrjar å sjå enden på prosjektet som skal ferdigstillast i haust.
Samtidig har me bygd på skytebanen i Granvin med eit bygg for innendørs skytebane. Det vert avsug og ventilasjon på standplass.
Her bidreg Granvin skyttarlag med eigeninnsats på dugnad.
I Ulvik har me rehailitering av løetak og eit tilbygg på eit fjøs.
I Eidfjord har me i løpet av seinsommar og haust ført opp einebustaden Sunniva frå Mesterhus som er ferdig utvendig, innearbeidet er påbegynt. Huset vart satt opp i element.

På nyåret har me nokre større og mindre prosjekt på gang. Oppdatering kjem nærmare jol.